pressemelding  28. august 2015:

Kulturdepartementet løyver 1 million kroner til  utgreiingsarbeid for etablering av kulturparaply

Kulturminister Thorild Widvey har offentleggjort at Kulturalliansen vil motta 1 million kroner for å kartlegge og utgreie behovet for ein felles nasjonal møteplass for dei frivillige kulturorganisasjonane.

Kulturalliansen er namnet på eit kulturpolitisk samarbeid mellom organisasjonane, Frilynt Norge, Noregs Ungdomslag, Norsk Amatørteaterforbund, Studieforbundet kultur og tradisjon og Norsk musikkråd. Alliansen blei oppretta som samarbeidsforum våren 2015, etter eit felles ønskje om ein paraplyorganisasjon for dei frivillige kulturorganisasjonane i Noreg.

Vil  arbeider for å styrke det lokale kulturlivet
- Målet vårt er at vi i 2016 kan ha lagt grunnlaget for etablering av ein paraplyorganisasjon for kulturfrivilligheita, som arbeider for å styrke det lokale kulturlivet, seier Eli Ulvestad, generalsekretær i Noregs Ungdomslag og koordinator for arbeidet i alliansen.

Ho understrekar at kulturalliansen er oppteken av å skape ein prosess med ei brei involvering av dei frivillige kulturorganisasjonane, og god forankring gjennom heile prosessen.

Gjennom løyvinga frå departementet er Kulturalliansen sikra ressursar til å koordinere ein god prosess,  og til  å gjennomføre ei konkret kartlegging og utgreiing om behovet for ein paraplyorganisasjon på kulturfeltet. – I tillegg til å sjå korleis paraplyorganisasjonar for andre interesseområde er organisert i Noreg, ønskjer vi også å hauste erfaringar frå dei andre nordiske landa som har etablert liknande samarbeidskonstellasjonar på kulturfeltet, seier Ulvestad.

Første milepæl i prosjektet er eit nasjonalt seminar for kulturorganisasjonane som er planlagt i oktober 2015. Invitasjonar til dette seminaret vil gå breitt ut i organisasjonsmiljøet.

 

Kontaktinformasjon:

Eli Ulvestad, tlf  994 64 995
eli@ungdomslag.no

Pressemelding frå Kulturdepartementet 

Dagbladet var tilstades då kulturministeren gjorde det kjent for alliansen